Informasjon om saueskinn:
Saueskinn finst i mange ulike rasar, storleikar og fargar og med ulik ullengde og type ull.
Forutan å dele opp i farge og type sau nyttar me denne sorteringsmetoden for å gradere kvaliteten på heile skinnet:
- 1. sortering er grupperte etter lengdemål målt langs ryggen i centimeter; 90-100, 100-110, 110-120, (120-130 cm som det er svært få av).
- Kvite og ubleika skinn er av sauerasane norsk kvit og spælsau.
- Pels og villsau er eigne kategoriar.
- Spæl, bles og "blandingsrasar" går under kategorien brun eller gråmelert
- 1. sorteringsskinn kan ha ubetydelege småfeil.
- LENGDE 120-130 CM ER DET BEGRENSA TILGANG PÅ.
- 2. sortering har varierande storleik frå 80-110 cm
- Manglar kan vera:
- avkappa fot, saumar
- 1-2 hol,
- feil i ulla m.m.
- Desse manglane er ofte ubetydelege for bruken av skinnet.
- Manglar kan vera:
- 3.sortering er skinn med betydelege feil som for eksempel:
- Deler av skinnet manglar, større hol, masse saumar, hårlause flekker.
Granberg Garveri
Garveriet vart etablert i 1951 av gründeren Karl Johan Granberg. I 1995 overtok sonen Olav Granberg som dagleg leiar og han har seinare utvikla verksemda til å bli ei moderne og solid familiebedrift.
Granberg Garveri har ein årsproduksjon på over 80.000 skinn. Det vert bereda alle typar skinn av sau, geit, kidd, storfe, kalv, rein, elg, hjort, rådyr, dådyr, sel samt småvilt som rev, bever, grevling og mår. I tillegg vert det garva ca. 5000 skinn av ulike slag, for det meste vegetabilsk garving. Maskinparken tel over 100 ulike maskinar som vert stadig forbetra og fornya.